Protokollering av val

Under valgjennomføringa blir valet protokollert i fleire ledd; ute i vallokala, i kommunen og i fylkeskommunen.

Publisert:

Desse protokollane, som blir kalla møtebøker, er meldinga frå valstyra om korleis valet er gjennomført. Innhaldet i møtebøkene er fastsett av Valdirektoratet, og er offentlege dokument. Under følgjer ei oversikt av innhaldet i møtebøkene.

Nøkkeltal i valgjennomføringa

Nøkkeltala er ei oversikt over viktige tal for valgjennomføring i kommunen, blant anna oppmøteprosent, talet på godkjende røyster og talet på forkasta røyster.

A – Administrative forhold

Det fyrste kapittelet i valstyret si møtebok, "Administrative forhold", er informasjon knytt til kven som sit i valstyret i kommunen, og om kva stader i kommunen det er halde valting.

B – Førebels oppteljing av førehandsrøyster

Her finst informasjon om tidlegrøyster, førehandsrøyster og seint innkomne førehandsrøyster. Blant anna det totale talet for røystegjevingar (fordelt på ulike røystetypar, til dømes kor mange tidlegrøyster som er mottekne og kor mange førehandsrøyster utanriks som er mottekne). Her vil det også kome fram eventuelle forkasta røystegjevingar med tilhøyrande forkastingsgrunn.

I tillegg viser ein den førebelse oppteljinga av førehandsrøyster, der ein ser partifordelinga, talet på blanke røystesetlar og talet på tvilsame røystesetlar, og dessutan kommunane sine merknader til eventuelle avvik.

C – Førebels oppteljing av valtingsrøyster

Her finst informasjon om røystegjevingar avgjevne på valting, inkludert ei oversikt over røystegjevingar fordelte på ulike røystetypar, til dømes kor mange valtingsrøyster ordinære og kor mange røystegjevingar i særskilt omslag) som er mottekne i alle krinsar. I tillegg finst eventuelle forkasta røystegjevingar og forklaring på kvifor dei er forkasta.

Her finst også informasjon om den førebelse oppteljinga. Kvar denne informasjonen kjem fram i dette kapittelet, avheng av om oppteljinga gjekk føre seg ute i vallokala eller sentralt i kommunen. Oppteljinga vil vise partifordeling, talet på blanke røystesetlar og talet på tvilsame røystesetlar. Dersom kommunane har merknader til eventuelle avvik, finn du desse her.

D - Endeleg oppteljing

Kapittelet med den endelege oppteljinga er delt inn i oppteljing av førehandsrøyster og oppteljing av valtingsrøyster. Her viser ein endeleg partifordeling, talet på blanke røystesetlar og forkasta røystesetlar fordelte på forkastingsgrunn. I dette kapittelet finst også ei oversikt over avvik mellom førebels og endeleg oppteljing, og forklaringar av eventuelle avvik.

E - Valoppgjer ved kommunestyrevalet

Tabellane under kapittel E viser kommunane sine valoppgjer med mandatfordeling og kandidatkåring.

Underskrifter

Medlemer i valstyret som var til stades i møte der valprotokollen vart godkjend, skal signere møteboka.