Du kan røyste i heile landet fram til og med 6. september

Kvar kan eg røyste?

Du kan du førehandsrøyste i alle kommunane i landet frå 12. august til 6. september. På valdagen den 9. september må du røyste i din heimkommune.


Det er fleire tusen vallokale rundt om i landet der det er mogleg å røyste i løpet av førehandsrøysteperioden og på valdagen.

Finn ditt nærmaste vallokale på valglokaler.no

Førehandsrøyste frå utlandet

I utlandet kan du røyste på norske utanriksstasjonar og hos røystemottakarar i utlandet. Det er mogleg å røyste på Svalbard og Jan Mayen.

Andre stader og måtar å røyste på

Det er også mogleg å røyste på institusjonar og å søkje om å få røyste heime. Skulle ingen av disse alternativa vere mogleg for deg, so kan du til og med brevrøyste.