Alt du treng i vallokalet for å røyste, er legitimasjon med bilete.

Korleis røyster eg?

Alt du treng i vallokalet for å røyste er legitimasjon med bilete. Ta gjerne med valkortet ditt, då tar det kortere tid.


Hugs dette når du skal røyste!

Når du kjem inn i eit valglokale, blir du møtt av ein valmedarbeidar. Valmedarbeidaren er der for å hjelpe dersom det er noko du lurer på. Når du er klar vil valmedarbeidaren vise deg til eit røysteavlukke.

1.	 Ta røystesetlane du vil bruke: ein for kommunestyrevalet og ein for fylkestingsvalet. I Oslo er det ikkje fylkestingsval. 2. Gjer eventuelle endringar på røystesetlane. Rettleiing står på røystesetelen. 3. Brett kvar av røystesetlane med partinamnet inn og feltet for stempling ut – då kan ingen sjå kva du røyster. Det skal ikkje vere konvolutt eller anna omslag rundt røystesetlane. 4. Gå til ein valfunksjonær og få eit stempel på utsida av røystesetlane. Begge røystesetlane må ha stempel for å bli godkjende. 5. Legg dei stempla røystesetlane i valurna.

Førehandsrøysting i ein anna kommune

Dersom du førehandsrøyster i ein anna kommune enn heimkommunen din, er røystegjevinga litt annleis.

Andre måtar å røyste på

Visste du at du ikkje må røyste i eit vallokale? Sjå alle stadane og måtane du kan røyste på og korleis dette blir gjort.