Sjekk om du kan røyste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet.

Kan eg røyste?

Er du norsk eller utanlandsk statsborgar og usikker på om du kan røyste ved årets kommunestyre- og fylkestingsval? Sjå kva for reglar som gjeld for deg.


Er du norsk statsborgar, kan du røyste dersom du:

  • Er 18 år, eller fyller 18 år i løpet av 2019
  • Bur, eller har budd i Noreg i løpet av dei siste 10 åra før valdagen

Har du budd i utlandet i meir enn ti år må du søke om innføring i manntalet i den kommunen som du sist var folkeregistrert. Les meir her 

Er du nordisk statsborgar (svensk, dansk, finsk eller islandsk statsborgar), kan du røyste dersom du:

  • Er 18 år, eller fyller 18 år i løpet av 2019
  • Har budd i Norge sidan 30. juni 2019

Er du utanlandsk statsborgar frå eit land utanfor Norden, kan du røyste dersom du:

  • Er 18 år, eller fyller 18 år i løpet av 2019
  • Har budd samanhengande i Noreg dei siste tre åra før valdagen