Du kan få hjelp til å tøyste i eit vallokale, på ein institusjon eller i heimen din.

Hjelp til å røyste

Alle med røysterett som ønskjer å røyste, skal få røyste når det er val i Noreg.


For nokre er det snakk om å få litt hjelp når dei sjølve kjem til eit vallokale for å røyste. Dette kan alle få, og det er bare å spørje ein valmedarbeidar om hjelp. Dei kan følgje deg gjennom heile røystegjevinga og informere deg om alle hjelpemidla og assistere deg i valavlukket om du ønskjer det.

Les meir om alle måtane du kan få hjelp til å røyste i vallokalet.


For andre kan det vere vanskeleg å kome seg til eit vallokale. Då er det fint å vite at det er mogleg å røyste i heimen din. Dette heiter ambulerande røystegjeving og er noko alle kommunar tilbyr dei som trenger det. Det er ingen formelle krav og det einaste du må gjere for å søkje om dette, er å ringe kommunen din.

Les meir om korleis du kan få hjelp til å røyste heime.


Bur du sjølv, eller kjenner du noko som bur på institusjon? Alle kommunane sender valmedarbeidarar til pleie- og omsorgsinstitusjonane sine i løpet av førehandsrøysteperioden. I mange kommunar er det også mogleg å røyste på andre institusjonar som fengsel eller militærbasar. Kontakt din kommune dersom du lurer på når det er mogleg å røyste på din institusjon.

Les meir om korleis du kan få hjelp til å røyste på institusjon.