Til Stortingsvalet 2017 : Valdag og gjennomføring
Arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.

Forsøk med SMS og brev for å få opp valdeltakinga

I forkant av stortingsvalet 2017 fekk mange veljarar brev eller SMS-varsling frå Valdirektoratet der dei blei oppfordra til å røyste. Forsøket er gjennomført av Institutt for samfunnsforskning på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Publisert: Arkivert

I løpet av den siste veka før valet fekk totalt 200 000 tilfeldige veljarar SMS-varsling der dei blei minna på valet og oppfordra til å bruke røysteretten. I tillegg fekk 36 500 tilfeldig utvalde veljarar med innvandrarbakgrunn brev frå Valdirektoratet med liknande bodskap.

Det er tilfeldig kva veljarar som har motteke dei ulike tiltaka. Informasjon om valdeltaking frå manntalet vil bli nytta for å undersøke om, og eventuelt kva tiltak som har betyding for deltakinga. Prosjektet er meld til personvernombodet for forsking. Dataene i prosjektet vil bli anonymiserte, og det vil ikkje vere mogleg å identifisere enkeltpersonar i nokon av resultata.

 Kommunal- og moderniseringsdepartementet har lagt ut ei pressemelding på sine heimesider om forsøket.

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/valgeksperiment/id2570556/