Digitalt valkort

Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 er det eit forsøk med elektronisk utsending av valkort. Veljarar som er folkeregistrerte i ein forsøkskommune får difor eit digitalt valkort ved valet i år.

Publisert:

Du må logge på ID-porten før valkortet blir tilgjengeleg.

Klikk her for pålogging og valkort.

Kven får digitalt valkort:

  • Røysteføre som er folkeregistrerte i ein av kommunane som deltek i forsøket (sjå liste under)

Kven får valkort på papir som brevpost:

  • Veljarar som bur i andre kommunar
  • Veljarar som har reservert seg mot digital kommunikasjon med det offentlege
  • Veljarar som ikkje har brukt ID-porten på 18 månader eller meir

Kommunar som deltek i forsøket:

Bergen, Bodø, Fredrikstad, Færder, Gjøvik, Gloppen, Grimstad, Hamar, Hå, Lillesand, Skaun, Skien, Stjørdal, Tromsø, Ulstein, Vadsø, Vanylven og Vågan.

Om du har spørsmål om digitale valkort kan du ta kontakt med Valdirektoratet si brukarstøtte.

 


Andre aktuelle artikler