Valutstyr

Valutstyret skal sikre all alle veljarane har tilgang, og er forma slik at alle veljarar skal kunne gje røysta si i frie, hemmelege og direkte val.


Valutstyret består av eit valrom og ei valurne som skal kunne brukast av alle veljarar. I tillegg er det laga eit skiltprogram som består av ulike element som kan brukast til å gje informasjon til veljaren, og for merking utanfor og inne i vallokalet. Kommunane vil i tillegg få tilgang til malar som dei sjølv kan skrive ut.

Bakgrunn

”Design og demokrati” var tema ved Statens designkonkurranse 2008. Målet med konkurransen var å utvikle heilskaplege, funksjonelle og tiltalande fysiske rammer rundt røystegjevinga. Konkurransen vart vunnen av Blueroom Designstudio, Kadabra produktdesign og Innovativoli industridesign med designet "Blanke Ark".

Løysinga vart testa ut i utvalde kommunar ved stortingsvalet i 2009, og fekk då gode tilbakemeldingar av både veljarar og valmedarbeidarar. Etter dette har designarane i samarbeid med departementet arbeidd med å betre og vidareutvikle løysinga.

Prisar

Valutstyret har  fått prisar og merksemd både nasjonalt og internasjonalt. I mars 2010 vann designarane og departementet mellom anna "Design for alle"–prisen frå Norsk Designråd. I 2011 var konseptet ein av finalistane til Innovasjonsprisen for universell utforming i kategorien grafisk design.