Valkort

Når det er val mottar alle med røysterett i Noreg valkortet sitt i posten.


Eit valkort er eit papirkort der det står informasjon om deg og om det komande valet. Å få valkortet er ei stadfesting på at du har røysterett og  at du er innført i manntalet i den kommunen du er folkeregistrert. På valkortet står det kvar og når du kan røyste på valdagen og korleis du røyster.

kvar og når du kan røyste

På same måte som at du høyrer til ein bestemt skulekrets, høyrer du også til ein valkrets. I kvar valkrets er det eitt vallokale. På valkortet vil du få informasjon om kva som er ditt næraste vallokale på valdagen – ut i frå kva for valkrets du bur i.

I førehandsrøysteperioden kan du røyste kvar du vil i heile landet, men på sjølve valdagen må du røyste i den kommunen der du er manntalsført. I tillegg til at du får informasjon om kvar du kan røyste på valdagen, får du også oppgitt opningstidene på vallokalet du høyrer til på valkortet.

Korleis du røyster

På «baksida» av valkortet finner du ei brosjyre. Denne brosjyra gir deg ei trinn-for-trinn forklaring av korleis du røyster, og i tillegg korleis du gjer rettingar på setelen. Er det ein kandidat du likar særskilt godt, kan du for eksempel gi denne personen eit stemmetillegg, eller endre plasseringa på kandidaten til toppen av partilista. Er det ein kandidat du ikkje likar, kan du stryke vedkommande frå partilista. Det er ulike reglar for rettingar ved stortingsval og kommunestyre- og fylkestingsval. Desse reglane er nærare forklart i dei enkelte valbrosjyrane.

Ikkje mottatt valkort – ta kontakt med kommunen

Det kan hende at du ikkje mottar valkort. Årsakene kan vere mange – som oftast kan dette knytast til at adressa di, som ligg i folkeregisteret, ikkje er oppdatert eller at kommunen du bur i ikkje har innført gateadresser. Det betyr at sjølv om du ikkje mottar valkort, er dette ikkje ein indikasjon på at du ikkje har røysterett.

Når postberaren ikkje finn postkassa di, går posten i retur til avsendaren. So dersom du i framtida ikkje mottar valkort – ta kontakt med kommunen du er folkeregistrert i. Det er nemlig kommunen si adresse som står som avsendar og det er følgeleg kommunen som vil få valkort i retur.

Trenger eg å ha med valkortet når eg skal røyste?

Du trenger ikkje å ha med valkortet når du skal røyste, men ha med legitimasjon.

Har du dårlig tid dagen du skal røyste, so kan det vere kjekt å ha med valkortet. Det er fordi røystemottakaren kan bruke strekkoden på valkortet ditt til raskt å finne deg i manntalet. Utan valkort må røystemottakaren manuelt søke deg opp med utgangspunkt i legitimasjonen du har med deg. Det tar derfor mindre tid å røyste med valkort. Men husk – ta med gyldig legitimasjon når du skal røyste.