Legitimasjon

Når du skal røyste, må du ha med legitimasjon. Det er ikkje nok å ha med valkort, eller å stadfeste namn og fødselsdato.


Dersom du er ukjent for røystemottakaren i vallokalet, må du legitimere deg. Dette er fordi det skal være mogleg å kontrollere at du er den du utgjer deg for å vere. Dersom det ikkje er mogleg å stadfeste dette, får du ikkje røysta. Andre personar i vallokalet kan heller ikkje gå god for din identitet. Det er derfor viktig at du tar med deg legitimasjon når du skal røyste.

Namn, fødselsdato og bilde

Eksempel på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilete. Det er også mogleg å nytte andre former for legitimasjon, men minstekravet er at det må innehalde namn, fødselsdato og bilete.

Stadig fleire bankkort blir i dag produsert utan bilete. For at legitimasjonen skal bli sett på som gyldig, må det ha eit bilete. Røystemottakar skal rett nok vise skjønn når dei vurderer veljaren sin legitimasjon. So lenge legitimasjonen viser at veljaren er den vedkommande gir seg ut for å vere, blir dette sett på som godt nok. Dette gjelder sjølv om legitimasjon har gått ut på dato.

Unntak på institusjonar

Det er berre eitt unntak når det gjelder krav til legitimasjon, og dette er for veljarar som bur på institusjonar som til dømes helse- og omsorgsinstitusjonar og fengsel. Her er det ikkje et absolutt krav at veljaren må identifisere seg, fordi det kan være tilfelle der veljaren ikkje har legitimasjon tilgjengelig. I slike tilfelle kan ein tilsett ved institusjonen gå god for identiteten til veljaren. Det er då eit vilkår at den tilsette kan legitimere seg.