I år får mange valkortet digitalt

valgkort-mockup (1).jpg

Ved valet i år får rundt ein halv million røysteføre digitale valkort. Veljarane har då valkortet på mobilen og lett tilgjengeleg når dei skal røyste.


18 kommunar deltek i eit forsøk med elektronisk utsending av valkort. Målet er å sjå på nye måtar å sende valkortet på, for å gjere det lettare for veljarane å bruke valkortet. I tillegg fører digitale valkort til mindre bruk av papir og reduksjon av kostnader. Det er Valdirektoratet som har ansvar for forsøket.

Dei fleste veljarane i kommunane som er med i forsøket får valkortet for kommunestyre- og fylkestingsvalet digitalt i staden for på papir i postkassa. I byrjinga av august får dei ein SMS med lenkje til valkortet. Lenkja viser til deira digitale postkasse om dei brukar Digipost eller e-Boks. Om veljaren ikkje har digital postkasse får vedkomande valkortet på ei personleg side på valg.no. 

Veljarar som har reservert seg mot digital kommunikasjon med det offentlege, eller ikkje har brukt ID-porten på 18 månader, får valkortet på papir via brevpost.

Kommunar som deltek i forsøket:

Bergen, Bodø, Fredrikstad, Færder, Gjøvik, Gloppen, Grimstad, Hamar, Hå, Lillesand, Skaun, Skien, Stjørdal,  Tromsø, Ulstein, Vadsø, Vanylven og Vågan.

Slik brukar veljaren valkortet

Veljaren får ein SMS med ei lenkje. Denne lenkja fører veljaren til pålogging for ID-porten. Når veljaren har logga seg på kjem vedkomande automatisk til valkortet sitt. Veljaren kan enten ta eit bilete av dette, eller logge seg på i vallokalet.

Veljarar som tek bilete må sjå til at dei får med strekkoden som finst på valkortet. Det er denne valmedarbeidarane treng.

 


Andre aktuelle artikler