Hjelp til å røyste på institusjonar

I alle kommunar blir det lagt til rette for førehandsrøystegjeving på helse- og omsorgsinstitusjonar. Mange kommunar gjer dette også på andre institusjonar.


Kommunane skal informere innbyggjarane og bebuarane om når og kvar dette blir gjennomført. Dersom du som veljar bur på ein helse- og omsorgsinstitusjon eller anna institusjon der kommunane har førehandsrøystegjeving, kan du røyste der du oppheld deg.

Alt du trenger å vete om å røyste på ein institusjon

Kven kan røyste på institusjonar og når skjer dette?

Førehandsrøystegjeving på institusjonar sikrar at bebuarane skal få moglegheit til å røyste dersom det er vanskelig å komme seg til ordinære førehandsrøyste- eller valdagslokaler. Når førehandsrøystegjevinga skjer er denne open for alle. Derfor kan bebuarar, men også tilsette og pårørande røyste

Kommunane avgjer sjølv når dei skal arrangere førehandsrøystegjeving på institusjonar. Ta derfor kontakt med kommunen din for å få greie på nøyaktig tidspunkt.

Rettleiing

Ein valmedarbeidar kjem til å forklare korleis du skal røyste. Valmedarbeidaren kan også svare på eventuelle spørsmål du måtte ha, eller sørge for å finne svar på spørsmåla dine.

Assistanse og hjelp i valavlukket

Valmedarbeidaren kan hjelpe deg med den assistansen du måtte trenge. Ein valmedarbeidar kan forklare deg rutinen for å røyste. Medarbeidaren kan også vise deg inn i valavlukket og gje deg rettleiing i kva for parti som stiller til val, og kvar røystesetlane til desse ligg.

Dersom du treng assistanse til å gjennomføre røystegjevinga, kan valmedarbeidaren også hjelpe deg med dette. Det er opp til deg kva du trenger assistanse til. Kanskje trenger du assistanse under hele røystegjevinga eller kanskje er det nok at valmedarbeidaren leser opp alle partinamna for deg? Valmedarbeidaren har teieplikt dersom vedkommande skulle få innsikt i kva du røyster.

Legitimasjon

For å røyste, må du ha legitimasjon. Dersom du er bebuar på ein helse- og omsorgsinstitusjon eller i et fengsel, og ikkje har legitimasjon, kan ein tilsett gå god for at du er den du seier at du er. I slike tilfelle må den tilsette legitimere seg. Det er ikkje lov for andre veljarar å gå god for identifikasjon din.

Røystegjeving på oppsett førehandsrøystestad

Når kommunen arrangerar førehandsrøystegjeving på institusjonar, vil dei rigge opp eit førehandsrøystelokale. Dette vil enten skje i eit eige rom, eller i fellesområde der det er plass til dette. Rutinen vil vere lik som i eit førehandsrøyste- eller valdagslokaler:

  • Ein valmedarbeidar vil gje deg informasjon om korleis du røyster
  • Du går inn i valavlukket, vel røystesetel for det partiet/lista du ønskjer å røyste på, og gjer eventuelle rettingar på setelen
  • Du går bort til eit bord med to valmedarbeidarar. De sjekkar legitimasjon, eller eventuelt legitimasjon til ein tilsett på vegne av deg, og stempler røystesetelen
  • Du slepp røystesetelen ned i urna og har no røysta

Røystegjeving på rommet til veljaren

Dersom du ikkje har moglegheit til å kome deg til det rommet der det er førehandsrøystegjeving, kan også valmedarbeidarane kome til rommet der du oppheld deg. Då vil dei legge til rette for at du kan røyste der du er:

  • Valmedarbeidarane har med seg naudsynt utstyr, inkludert eit røystesetelsett med alle parti og lister som stiller til val i kommunen og fylkeskommunen
  • Du vel ein røystesetel for det partiet/den lista du ønskjer å røyste på, og gjer eventuelle rettingar på røystesetelen
  • Valmedarbeidaren sjekkar legitimasjon, og stemplar røystesetelen
  • Du slepp røystesetelen ned i urna og har no røysta