Hjelp til å røyste i vallokalet

Er du usikker på korleis du røyster eller treng du litt assistanse? I alle vallokale finn du ein valmedarbeidar som kan hjelpe deg.


Alle veljarar som ønskjer å røyste ved valet, skal få moglegheita til det. For å ivareta dette, arbeidar kommunane aktivt med å legge til rette vallokala og sørgje for at desse er tilgjengelige for alle veljargrupper. Vidare kan veljarar som treng assistanse, få det når dei skal røyste.

Slik hjelper kommunen deg i vallokalet

Tilgjengelegheit til og i vallokalet

Når kommunane vel ut vallokale, skal dei ivareta tilgjengelegheit til og i vallokalet. Det skal difor vere enkelt for alle veljargrupper å kome seg inn i lokalet utan å møte på hindringar. Det skal også være mogleg for alle veljargrupper å kome seg enkelt rundt i vallokala utan å møte på hindringar. Dette betyr at kommunane må sørgje for at det er god plass i og rundt vallokala. Vidare skal kommunane sørgje for at vallokala er godt skilta og lyssett, slik at alle veljarar enkelt kan finne fram inne i lokalet.

Rettleiing

Ein valmedarbeidar kjem til å forklare korleis du skal røyste. Valmedarbeidaren kan også svare på eventuelle spørsmål du måtte ha, eller sørge for å finne svar på spørsmåla dine.

Assistanse og hjelp i valavlukket

Alle vallokale skal ha valmedarbeidarar som kan hjelpe med det du måtte ha trenge. Ein valmedarbeidar kan forklare deg rutinen for å røyste. Medarbeidaren kan også vise deg inn i valavlukket og gje deg rettleiing i kva for parti som stiller til val, og kvar røystesetlane til desse ligg.

Dersom du treng assistanse til å gjennomføre røystegjevinga, kan valmedarbeidaren også hjelpe deg med dette. Det er opp til deg kva du trenger assistanse til. Kanskje trenger du assistanse under hele røystegjevinga eller kanskje er det nok at valmedarbeidaren leser opp alle partinamna for deg? Valmedarbeidaren har teieplikt dersom vedkommande skulle få innsikt i kva du røyster.

Ha med seg hjelpar i valavlukket

Dersom du trenger assistanse, er det valmedarbeidaren som skal hjelpe deg med dette. Veljarar med alvorlig fysisk eller psykisk funksjonshemning kan i tillegg peike ut ein ekstra hjelpar. Denne hjelparen kan vere med inn i valavlukket, i tillegg til valmedarbeidaren. Det er alltid valmedarbeidaren som skal hjelpe deg, og det må vere tydelig for valmedarbeidaren at det er du som veljar som gjer ei røyste til det partiet du ønskjer å røyste på. Dette er for å hindre utilbørlig press. I Noreg er det ikkje mogleg å røyste på vegne av nokon, heller ikkje om man er verje. Derfor kan ikkje ein hjelpar røyste på vegne av deg som veljar – det er du sjølv som skal røyste.

Punktskrift

Dersom du har nedsett syn eller er blind, finnes det avkryssingsrøystetlar med rettleiing i punktskrift. Avkryssingsrøystesetlane inneheld alle registrerte politiske parti, og du setter et kryss ved det partiet du ønskjer å røyste på. Dersom du ønskjer å røyste på ei lokal liste/parti som ikkje står på setelen, er det et eige felt der du kan skrive dette på røystesetelen.