Røysterett

Røysteretten i Noreg er allmenn for dei fleste val. Dette inneberer at røysteretten ikkje er innskrenka på bakgrunn av kjønn, religion, etnisitet eller andre gruppeinndelingar.


Retten til å røyste ved val i Noreg er regulert gjennom valloven. Denne stiller noko ulike krav til dei forskjellige vala om kva som krevjast for å ha røysterett. Flest har røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsval, medan det ved sametingsval berre er ei lita promille av folket som har røysterett.

Kven kan røyste?

For å ha røysterett ved stortingsval må fire krav være oppfylt. Du må:

  1. vere norsk statsborger,
  2. ha fylt 18 innan utgongen av valåret,
  3. ikkje ha mista røysteretten etter Grunnloven § 53 og
  4. vere, eller har tidligare vore, folkeregisterført som busett i Norge.

Ved kommunestyre- og fylkestingsval er reglane dei same, men med eitt viktig unntak. Det er ikkje nødvendig å være norsk statsborgar. Utanlandske statsborgarar kan derfor også røyste ved kommunestyre og fylkestingsval i Noreg dersom dei oppfylle dei tre siste kriteria for stortingsval og har stått innført i folkeregisteret som busett i Noreg dei tre siste åra før valdagen. Statsborgarar frå eit anna nordisk land som har blitt folkeregisterført som busett i Noreg seinast 30. juni i valåret har også røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsval i Noreg.

Berre samar som er innført i sametingets valmanntall har røysterett ved sametingsval, noko som innebere at denne røysteretten er avgrens til dei med samisk tilhøyrsle. Ved sametingsvalet i 2017 gjaldt dette i underkant av 17 000 personar.

For å kunne røyste ved stortingsval og kommunestyre- og fylkestingsval må veljaren vere innført i manntalet i ein kommune på valdagen. Dette gjeld både for norske og utanlandske statsborgarar.