Mål og samfunnsoppdrag

Valdirektoratet har ansvar for valgjennomføringa på landsbasis.


Det overordna statlege ansvaret for valgjennomføring ligg hos Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), medan det er kommunane og fylkeskommunane som har ansvar for den praktiske gjennomføringa av valet. Valdirektoratet er underlagt KMD, og har delegert ansvar for valgjennomføring på landsbasis.

Valdirektoratet skal bidra til eit velfungerande demokrati ved å oppretthalde tillit i folket til valgjennomføringa. Den overordna prioriteringa til valdirektoratet for 2017 er å bidra til korrekt og tillitsvekkjande gjennomføring av stortings- og sametingsvalet 2017. Valdirektoratet skal også hjelpe i avviklinga av ekstraordinære kommunestyreval i samband med kommunereforma.

Måla til Valdirektoratet for 2017:

  • Mål 1: Korrekt og sikker valgjennomføring med tillit i folket.
  • Mål 2: Veljarane har naudsynt informasjon om val.
  • Mål 3: Godt tilgjenge ved val.

Dette vil seie:

  • å støtte kommunane og fylkeskommunane i den praktiske gjennomføringa av val
  • gje informasjon til veljarar
  • opplæring av kommunar og fylkeskommunar
  • evalueringar, drift og forvaltning av valadministrasjonssystemet EVA
  • valfagleg utgreiing og analyse

Tildelingsbrev 2017

Årsmelding 2016