Til Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 : Førehandsrøyste

Visste du at du kan røyste frå og med 1. juli?

Om du ikkje har høve til å røyste i den ordinære perioden for førehandsrøysting eller på valdagen, kan du ta kontakt med kommunen der du ønskjer å røyste for å gje røysta di alt no.


Om du er bortreist eller av andre grunnar ikkje kan røyste når den ordinære perioden for førehandsrøysting startar 12. august, eller på valdagen 9. september, kan du ta kontakt med ein kommune for å gje røysta di alt no.

Tidleg førehandsrøystegjeving er eit tilbod for å sikre at alle veljarar som ønskjer, skal få gjeve røysta si. Om du ønskjer å gje røysta di før førehandsrøysteperioden, må du ta kontakt med ein kommune for å avtale tidspunkt for røystegjeving. Nokre kommunar tilbyd tidlegrøystegjeving i opningstidene til kommunen, der du berre kan møte opp. Ta kontakt med kommunen du ønskjer å stemme i for meir informasjon om tidlegrøystegjeving.

Om du bur i utlandet, kan du røyste på førehand frå 1. juli. For meir informasjon om dette, les meir her.