Til Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 : Førehandsrøyste

Førehandsrøyste frå utlandet

Det er mogleg å førehandsrøyste på Svalbard eller Jan Mayen frå 1. juli 2019.


Veljarar som bur eller oppheld seg i utlandet, kan førehandsrøyste hos utanriksstasjonar eller oppnemnde røystemottakarar. Svalbard og Jan Mayen er omfatta av dei same reglane som utanriksrøystegjeving.

Veljaren er sjølv ansvarleg for å røyste så tidleg at røysta kjem fram til riktig kommune seinast kl. 17 dagen etter valdagen 9. september for å telje med i oppgjeret. Hugs difor å røyste så tidleg at røysta kjem fram i tide med normal postgang.

Det brukast ikkje valkort ved førehandsrøystegjevinga i utlandet. Det einaste du treng å ta med er legitimasjon.

Kvar er det mogleg å røyste i utlandet?

Det er mogleg å førehandsrøyste på dei fleste norske utanriksstasjonar. Det vil seie ambassadar, generalkonsulat og konsulat, og hos røystemottakarar i utlandet og på Svalbard og Jan Mayen.

Ei rekkje generalkonsulat og konsulat er honorære representantar for Noreg utan norskspråkleg personell. Kontortida varierer og kan vere avgrensa til få timar og dagar i veka. Det er difor lurt å gjere seg kjent med opningstidene på førehand.

Veljarar i utlandet som ikkje kan oppsøkje ein røystemottakar, kan sjølv sende røysta si til heimkommunen i Noreg i eit brev, såkalla brevrøystegjeving.