Til Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 : Røysterett

Har du røysterett?

For å kunne røyste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet, må du ha røysterett. Her kan du sjå om du oppfyller krava til røysterett ved kommune- og fylkestingsvalet i 2019.


Det stillast ulike krav til røysterett i Noreg avhengig av om det er stortingsval eller kommunestyre- og fylkestingsval. Den største forskjellen er at også utanlandske statsborgarar har røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsval i Noreg om dei har budd i landet over noko tid.

Du har røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsvalet om du oppfyller eitt av desse krava:

  • Du er norsk statsborgar og har fylt 18 år innan utgangen av 2019 og er, eller har vore, registrert busett i Noreg.
  • Du er statsborgar i andre nordiske land (det vil seie Danmark, Island, Finland eller Sverige) som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som har vore registrert busett i Noreg seinast 30. juni i valåret.
  • Du er annan utanlandsk statsborgar som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og har vore registrert busett i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen. I dette tilfellet er det eit krav at butida har vore samanhengande.

Er du innført i manntalet?

Manntalet er oversikta over alle som har røysterett i ein kommune. For å kunne røyste må du stå innført i manntalet i ein kommune.

Alle personar med røysterett førast automatisk inn i manntalet i den kommunen der dei var registrert i folkeregisteret som busett per 30. juni i valåret. Om du har flytta til ein annan kommune etter 30. juni, er du framleis registrert i manntalet (og har røysterett) i den kommunen du flytta frå.