Til Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 : Førehandsrøyste

No kjem valkortet!

I desse dagar får alle røysteføre tilsendt valkortet sitt. Det kan variere litt kva tid du får det, men alle veljarar skal ha motteke valkortet innan 12. august. Du treng ikkje valkortet for å røyste, men det gjer røystegjevinga enklare.

Publisert:

Har du ikkje fått valkortet innan 12. august og usikker på om du kan røyste ved årets val kan du ta kontakt med kommunen din.

Du kan røyste utan valkort, men du må ha med legitimasjon.

Hugs at du kan førehandsrøyste frå 12. august til og med 6. september, og på sjølve valdagen 9. september.

Du kan lese meir om valkortet her.

Om du lurar på kvar ditt næraste vallokale er, finn du dette på valglokaler.no.